Stitilrettelegging Eldsfjellet
Du kan no vere med å bidra til realisering av stitilrettelegging opp Eldsfjellet. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Nordre Holsnøy IL og Alver kommune. Prosjektet er under planlegging, og målet er realisering ila. 2026
Eldsfjellet er eit velkjent og ynda turmål for mange, men spesielt den nedste delen kan vere utfordrande i fuktig vær. Då vert røta i stien ordentleg glatte, og faren for å gli aukar. Ved å tilrettelegge delar av nedste parti av stien med tretrapper og andre tiltak vert turen meir overkommeleg og tilgjengeleg for fleire. Eit flott tiltak for folkehelsa!
Sentralt for prosjektet
- tilretteleggingane skal vere enkle og naudsynte. Omsyn til naturen, og opplevinga av friluft er viktig.
- materialval er viktig for opplevinga av å gå trygt i trinna, vedlikehald og varigheit.
- Enkle tilretteleggingstiltak er tenkt lengre oppe også. Då i form av trapper med nokre få trinn, handtak, kjetting eller liknande for å ha noko å halde fast i. Dette gjeld bestemte, kortare, parti som er meldt inn som utfordrande.
- Dugnad er først og fremst tenkt som kratt- og buskfjerning, bæring av materiale, og enkle tilretteleggingstiltak ved stistart og øvre del. T.d. klopper, korte trappeparti (3-5 trinn) o.l.
Meir informasjon kjem til etter kvart som prosjektet utviklar seg!
Kjøp av skilt på trappetrinn og/eller logo på informasjonsskilt
Privatpersonar og bedrifter kan støtte prosjektet med å få sitt namn på eit skilt plassert på trappetrinn. Det vert også plassert ut to informasjonsskilt om tiltaket der det er mogleg for bedrifter å få sin logo plassert. Prosjektet er under planlegging, og målet er realisering
ila. 2026 om finansiering og godkjenningar kjem i orden. Prosjektet har alt
fått tilskot på kr 500 000, og kan i tillegg få kr 500 000 i spelemidlar.
Prisar
1) Trappetrinn privatpersonar: kr 1 000 for skilt med namn på eitt trinn.
2) Trappetrinn bedrift: kr 5 000 for skilt med firmanamn på eitt trinn.
3) Pris logo informasjonsskilt: kr 10 000